Innlegg:
Ei lita oppdatering på saka om pelsdyr og Mattilsyn:
Pelsdyr:
Saka er til handsaming i næringskomiteen. Innstillinga er utsett frå 28. mai til 4. juni. Dato for stortingsbehandlinga er framleis 13. juni.
Eg trur alle på stortinget no er heilt klar over at Olaug Bollestad (KrF) sitt framlegg til kompensasjon vil føre til store tap og økonomisk ruin for mange pelsdyrbønder. Det gjer Olaug med opne auge og utan å stille opp til debatt for å forsvare vedtaket.
Eg voner at H, Frp, KrF og V vil gå mot Bollestad og regjeringa i denne saka. Sjølvsagt vil eg at vedtaket som Stortinget gjorde i 2017 om at me skal ha ei pelsdyrnæring i Noreg vert ståande. Ynskjer dei å legga ned næringa så må dei slå fast at ingen bønder skal tape økonomisk på eit forbod.
Eg frykter at partia kjem med ei løysing der dei plusser på nokre kroner og kaller det ein seier.
Senterpartiet har to gonger gjort framlegg om å utsetje saka. Grunnen til det er at me meiner det er heilt uansvarleg å innføra eit næringsforbod med eit slikt hastverk. Me har stilt spørsmål til Bollestad mellom anna om kor mykje full erstatning vil koste. Det aner ho ikkje.
Mattilsynet
Senterpartiet har fått aksept for sitt krav om at landbruksministeren må komme til Stortinget for å gjera greie for situasjonen i Mattilsynet.
Eg har og lagt fram ei sak i stortinget om at ein skal setje i verk ei ekstern gransking av Mattilsynet. Eg meiner det bør handsamast i samband med med at statsråden er i stortinget for å gjera greie for saka.
Så må ein særleg sikre at det ikkje ligg føre fleire falske rapporter frå Mattilsynet når det gjeld pelsnæringa. Det er og ei grunngjeving for å utsetja saka.
Og så må eg takke alle som har teke kontakt om Mattilsynet. Eg kan ikkje vurdera og gå inn i alle enkeltsaker, men eg les dei og får nyttig informasjon.
Eg snakker og om desse sakene i podkasten «Stortingsgarasjen» for dei som vil høyre meir.
Postet:
2019-05-29 11:04:22