Innlegg:
I dag håper eg verkeleg at landbruksminister Olaug Vervik Bollestad les Stavanger Aftenblad.
Det er historia om kva den «erstatningsordninga» som Olaug har lagt fram vil bety for folk og familier. Ekte folk. Ekte familier.
Eg legg ikkje skulda på framlegget om avvikling på Bollestad og KrF. Men ansvaret for den elendige erstatningsordningen må du Olaug ta. Ordninga er så dårleg at den knuser familiers økonomi - og nokon held i den slegga. Det er ikkje pent.
Eg har sendt ei rekke spørsmål til Olaug om saka. Det er lite svar å få. Ho har til dømes ikkje vurdert kva det vil koste å gje bøndene full erstatning. Eg spør om innsyn i kontakten som har vore mellom landbruksdepartementet og justisdepartementet. Då kjem Olaug med paragrafer for å halde det skjult.
Og kor er du Olaug i debatten? Når du har lagt fram eit forslag som er eit sleggeslag mot enkeltpersoner og familier må ein vente at du stiller til debatt for å forsvare og forklare. Du kan ikkje sende statssekretæren i eit anna departement ut i krigen.
Eg vil difor utfordre deg Olaug: Stiller du til ein times duell om saka. Nøytral debattleiar med stoppeklokke.
Husk: Då Per Sandberg la fram ei sak for Stortinget som var for dårleg så trakk han saka. Det kan du og gjera Olaug.
Postet:
2019-05-25 08:46:17