Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Etter saka om den falske rapporten til Mattilsynet og Senterpartiet sitt krav om ei ekstern gransking av tilsynet har mange teke kontakt med meg for å fortelle om si sak eller oppleving med tilsynet. Tusen takk for det. Det er sterke historier og dei gjer meg trygg på at ei ekstern gransking av Mattilsynet er naudsynt. Eg har diverre korkje kapasitet eller kompetanse til å gå inn og vurdera kvar enkelt sak. Det gjer meg likevel nyttig innsikt - så eg er glad for alle som tek kontakt. Senterpartiet tek dette opp på generelt grunnlag med regjeringa. Eg ser ser at ein politikar har gått til det steget å politianmelde Mattilsynet. Det har politikaren full rett til, men det er ikkje ein politisk arbeidsmetode eg ville ha nytta. I alle fall ikkje om eg hadde vore ein del av den politiske leiinga i det departementet som har ansvaret for Mattilsynet medan dette skjedde. Eg er likevel glad for at politiet vil etterforske saka til pelsdyrbonde Lauvås på eige initiativ. Eg vil tilrå at ein også tek saka si opp med Sivilombudsmannen om ein føler seg utsett for feil frå Mattilsynet. Dette er stortinget sitt organ for å ivareta borgerne i enkeltsaker. Av omsyn til dyra, bøndene, folk flest og dei tilsette i Mattilsynet så må me ta denne saka på største alvor. Ut frå dei signala som er gitt så langt opplever eg ikkje at Mattilsynet heilt har innsett alvoret i saka.

Postet:
2019-05-24 10:00:43