Innlegg:
I dag har vore med ein fin gjeng til støtte for pelsdyrbøndene. Møte var hos pelsdyrbonde Bength Oftedal i Sola kommune.
Bodskapet er klart: Stopp nedlegginga av næringa - og om H, Frp, KrF og V vil legge ned næringa må dei syte for full erstatning.
Møte var eit resultat av min nokon gonger litt manglande impulskontroll. Bestemt og planlagt på sparket.
Det kom meir folk og presse enn eg hadde trudd - og det er alltid eit godt teikn når folk blir ståande å snakke saman lenge etter møtet er slutt.
Eg skulle ynskt at alle i Norge kunne fått lov til å gå gjennom eit av pelsdyrhusa til Bength og på enden av huset kunne dei fått stemt ja eller nei til pelsdyr. Det hadde blitt eit soleklart ja.
Slike møter er demokratiet på sitt finaste - om ei sak som er eit resultat av demokratiet på sitt verste.
Postet:
2019-05-13 14:48:51