Innlegg:
Då kan ein legge vekk planane om bompengepakke på Jæren. (Klepp og Time) Det er fornuftig. Sanninga er at denne pakken aldri har vore levedyktig.
Jæren er ikkje ein by og er difor ikkje eigna til ein bypakke. Sjølv om pakken hadde overlevd den lokale handsaminga - så ville den aldri passert Vegdirektorat, departement og storting.
Pakken ville gitt for mykje trafikk på smale vegar utan bom og pakken var ikkje i tråd med prinsippet om at den som betaler skal nyte godt av investeringane. Og kostnadsanslaga på prosjekta hadde stor usikkerheit.
Så snipp snapp snute.
Postet:
2019-05-14 08:53:08
Delt innhold:
Når bomsaka kjem opp att, kjem Klepp-ordføraren til å stemma nei
- Bompakken var død då Time Arbeidarparti snudde. Eg kan ikkje halda kunstig liv i han lenger, seier Klepp-ordførar Ane Mari Braut Nese (H).