Innlegg:
Debatten om bompenger går høyt. Eg set pris på engasjementet.
Den neste veka kjem det til å koma ei viktig sak i Dalane som gjeld ny E39. Bjerkreim og Eigersund skal ta stilling til bompengefinansiering eller ikkje.
Saken er kort og godt slik: Staten ved Nye Veier AS skal bygge ny statleg veg mellom Ålgård og Lyngdal. Planlegginga skjer med statleg plan. Staten greier ikkje å fullfinansiere vegen og krev at kommunen gjer vedtak om bompengar og at fylkeskommunen stiller opp med garanti.
Nye veier AS sitt bodskap til lokalpolitikerne er: Gjer vedtak slik me føreslår eller så vert det ikkje veg.
Lokalpolitikerne har ikkje fått vore med å bestema kor vegen skal gå - og dei veit heller ikkje kva trase-alternativ som skal byggast. Trass i dette så krev Nye Veier AS - og det vil i praksis seie Jon Georg Dale (Frp) - at dei skal gjera vedtak om bompengar for å få veg.
Dette er veldig ulikt til dømes eit prosjekt som Finnfast - der initiativet til å få på plass eit ferjeavløysingsprosjekt var lokalt og dei gjekk inn for bompengar for å få det til.
Senterpartiet i Lund og Gjesdal har hatt framlegg i sine kommunestyrer om at staten gjerne må bygge veg og ein vil ikkje motsetje seg at ein finansiere dette med bompengar om staten meiner det er naudsynt. Det har ikkje fått fleirtal.
Det kan bli annleis i Bjerkreim og Eigersund. Då er det plutseleg slutt på det svarteper-spelet som Frp i regjering har hatt med kommunane. Og då får Frp på Stortinget bestemme seg om dei vil bygge vegen eller ikkje. Dei kan ikkje skulda på lokale politikarar.
Eg vil fylgja opp eit slikt vedtak lokalt med å utfordra statsråden og regjeringa på desse spørsmåla.
Det er få døme i historia på at ein har oppnådd noko med å berre bøye nakken for press frå kongens råd. Ein må våge for å vinne.
Så trur eg det er lite grunn til å frykte at staten vil la vera å bygga ny E39 fordi ein lokalt ikkje var villeg til å vedta eit komplett bompengeopplegg etter diktat frå staten/Nye veier AS.
Ynskjer Bjerkreim og Eigersund lukke til med debatten.
Postet:
2019-05-11 12:50:50