Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
I dag legg landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) fram staten sitt tilbod i jordbruksforhandlingane. Eg forventar eit tilbod som er langt betre enn det me har sett i dei åra Frp har hatt landbruksministeren. Norske bønder hadde i fjor ein sterk nedgang i sine inntekter. Skal me ha matproduksjon i heile landet, og nytte våre ressurser med gras og beite til å produsera mat som er bra for folk og miljø, så må inntektsgapet mellom bønder og andre grupper bli redusert. Bidreg Bollestad, med dagens tilbod, til det kan ho vente seg godord frå Sp. Gjer ho ikkje det må ho vente seg sterk kritikk. Tilbodet kjem klokka 11.00 i dag.

Postet:
2019-05-07 08:53:44