Innlegg:
Eg er så heldig at eg får lov til å vera medlem av Time kommunestyre. Det gjer at eg får lov å påverka saker som er viktige for lokalsamfunnet.
Å kjenne ein kommune frå «innsida» er og viktig i rolla mi som stortingsrepresentant. Når til dømes vår nye eldreminister seier at økonomien i kommunane aldri har vore betre, så veit eg at det ikkje stemmer for min kommune. Eg veit og at kostnaden ikkje er å bygga eit kjøkken på ein sjukeheim, men å drifta det.
Det er på mange måter meir krevjande å sitja i eit kommunestyre enn å sitja på Stortinget. Sakene er nærare livet til folk og folk er nærare politikarane.
Heia dei som bruker fritida si på å ta ansvaret for sin kommune. Og det motsette til nasjonale politikare som skuldar på lokale folkevalde.
Postet:
2019-05-06 09:06:53