Person / Aktør:
Terje Breivik
Terje Breivik
Parti: V

Innlegg:
Etter utnemninga av Sylvi Listhaug som eldreminister har me fått ein god del skeptiske reaksjonar. Venstre hadde ein omfattande og krevande prosess i førekant av regjeringsdeltakinga i fjor. Å gå i regjering med Frp, eit parti sosilalliberale Venstre verdimessig tildels står langt i frå, var vanskeleg for mange. Tek me med klima og miljø, forstår dei fleste at konklusjonen om å gå i regjering ikkje var lett for nokon. Eit regjeringssamarbeid kunne likevel forsvarast fordi dei konkrete resultata me har oppnådd saman med Frp, H og Krf dei siste 4 - 5 åra, og i regjeringsplattformane, har vore veldig bra. Retorikken Sylvi Listhaug valde å bruka sist ho var statsråd, og måten ho utøvde embetet på gjorde ikkje vegvalet enklare verken i førekant eller etterkant. Ei embetsutøving som til slutt førde til beklagelse i Stortinget og at Listhaug forlot regjeringa. Når statsministeren no har valt å ta Listhaug inn igjen i regjering kviler det i så måte eit stort ansvar både på skuldrene hennar og Listhaug sine. Eg føreset at Listhaug opptrer som ein samlande statsråd, med vyrdnad for både embetet og fellesskapet ho er ein del av.

Postet:
2019-05-06 17:32:12