Person / Aktør:
Terje Breivik
Terje Breivik
Parti: V

Innlegg:
I dag har eg vore på besøk i Østerdalen, der dei lokale kommunestyrekandidatane til Venstre hadde komponert eit spennande og lærerikt program. Første stopp var på eigendomen til Synnøve Finden på Tolga, der me fekk høyra om planane deira om eit nytt produksjonsanlegg der. I tillegg fekk me ei innføring i industrieventyret Staur Foods Tolga, leigetakarar i det same bygget. Turen gjekk vidare til Alvdal og omvising i den nye barneskulen og »fleirbrukshuset», Sjulhustunet Alvdal, med både idrettshall, kulturskule og treningstudio samla i eitt bygg. Eit imponerande og nesten misunnelsesverdig løft for ein liten kommune. Siste stopp var på det splett nye, og enno ikkje opna Norsk helsearkiv, Arkivverket som skal opnast 4. juni, Åpning av Norsk helsearkiv. Utruleg kjekt å sjå resultatet av ei sak som det har vore jobba så godt med over så langt tid lokalt, og som Venstre har bidrege til vart ein realitet gjennom engasjementet og prioriteringane våre på Stortinget og i regjering. Takk for ein framifrå og gjevande dag til Ola Eggset, Alvdal Venstre, Tor Halvor Bjørnstad-Tuveng, Nils P. Hagen, Tynset Venstre, og Toril Østvang, Tolga Venstre.

Postet:
2019-05-06 19:30:38