Person / Aktør:
Terje Breivik
Terje Breivik
Parti: V

Innlegg:
På besøk i PARK Hamar, ein yngleplass for grunderar, etablerte verksemder og studentar. Og ikkje minst husar dei eit eige Motion Capture - studio, INN MoCap (det grøne rommet), der ein kan fanga opp rørsler og omforma dei til spesialeffektar i dataspel, film og VR. Saman med Hamar Venstre fekk eg ei omvisning i det imponerande klyngefelleskapet. I tillegg fekk me ei grundig innføring i historien og vegen fram frå ide til verksemder som skapar verdiar og etablerar trygge arbeidsplassar av Hvil Vingene Dagspa og OSINT Analytics. Svært inspirerande og ei stadfesting av kor viktig det er at næringspartiet Venstre står på for grunderar, innovatørar og kunnskapsmiljø.

Postet:
2019-04-30 20:39:40

Delt innhold:
Bilete frå innlegget til Terje Breivik