Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Fyrste innlegget mitt i Stortinget i saka om forbod mot å dyrka og nytta myr til å produsera mat: Geir Pollestad (Sp) [10:24:39] (leiar i komiteen): Dette er ein trist dag for norsk landbruk og for norsk matproduksjon. Det er ei trist sak, der fleirtalet føreslår å innføra eit generelt forbod mot nydyrking av myr. Det er eit stort inngrep i den private eigedomsretten, basert på eit relativt tynt faktagrunnlag. Eg synest saksordføraren sa det veldig bra. Han sa at me veit lite om utsleppa, men så sa han vidare at ein føler at det er rett å gå for eit generelt forbod. Då er me eigentleg inne med kjernen i denne saka: Ein føler. Dette er symbolpolitikk. Ein innfører eit alvorleg inngrep i den private eigedomsretten som går ut over vår moglegheit til å produsera mat, fordi ein føler at det er rett. Det er populært i enkelte miljø at ein gjer dette. At det gjev reduserte utslepp, er ein litt usikker på, men ein føler det. Ein tek ikkje omsyn til dyrkingsmetodar. Ein tek ikkje omsyn til karbonbinding i jord. Nei, det føler ein vel ikkje er så viktig. Senterpartiet erkjenner at myr bind karbon, og difor har me òg føreslått at klima kan takast inn som eit omsyn når ein vurderer søknadar om nydyrking, men det ville ikkje falla oss inn, som eit parti som har respekt for den private eigedomsretten og er oppteken av norsk matproduksjon, å innføra eit generelt forbod mot nydyrking. For i realiteten er det me snakkar om, eit tilnærma totalforbod. Eg synest at representanten Sandtrøen frå Arbeidarpartiet på ein god måte gjorde greie for dyrkingsmetodar og korleis dette burde vore vurdert. Det er distriktsfylke som Nordland og Møre og Romsdal som vert ramma spesielt hardt av denne symbolpolitikken. Så vert det snakka om unntaksbestemmingane. Eg les desse unntaksbestemmingane. Eg ser det skal skje i særskilte tilfelle. Det er eit ganske snevert omgrep allereie der. Regelverket er byråkratisk og kostnadsdrivande for bonden. Ingen av dispensasjonshøva tek omsyn til klima. Nei, det er personlege forhold med bonden og gardsbruket som skal kunna vektleggjast, men veldig, veldig snevert. Venstres fyrstekandidat i Møre og Romsdal var ute før denne innstillinga vart gjeven og lovde vide unntaksmoglegheiter. Det har ikkje fleirtalet i næringskomiteen levert. Det er noko absurd med denne saka. Viss myra er 1,01 meter djup, skal ein ha totalforbod. Viss ho er 0,99 meter djup, stiller sjølvsagt saka seg heilt annleis, og ein skal – i særskilte tilfelle – kunna gje dispensasjon. Det er òg ei sjølvmotseiing i det at å bruka myra til å dyrka mat, nei, det vil ein ikkje ha noko av, men å bruka myra til å byggja parkeringsplassar eller kjøpesenter, nei, men det er ikkje så farleg. Det heng ikkje på greip. Eg meiner at Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti i denne saka sviktar norske bygder. Men når me kjem med forslag om skogplanting, CO2-fond for transporten til næringslivet og klimatiltak som vil ha effekt, seier dei same partia nei, det ønskjer ein ikkje. Representanten Ebbesen sa at landbruket er dei som vert ramma hardast av klimaendringane. Ja, det er rett, men det er jo ikkje ei grunngjeving for at det er deira ansvar å rydda opp. Ansvaret ligg fyrst og fremst på dei som har skapt klimaproblema, ikkje dei som vert ramma. Det er ei logisk kortslutting å meina at fordi landbruket vert ramma hardt av klimaendringane, er det landbruket sin jobb å rydda opp. Me har sagt det mange gonger i Senterpartiet: Det er forskjell på ku og kol, og eg meiner at når me skal løysa klimautfordringane, skal me starta med dei sektorane som har skapt dei. Det høyrer med til historia at landbruket er ein av få sektorar som har redusert sine utslepp. Eg ser fram til debatten. Eg håpar at ein kan avklara noko meir kva som ligg i unntaksbestemmingane. Det som har kome så langt, er ikkje mogleg å forstå

Postet:
2019-04-11 19:13:13