Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
I dag er det litt trist å vera politiker. Ap gjer eit vedtak om å gå mot konsekvensutgreiing av oljeverksemd i Lofoten, Vesterålen og Senja. Det er heilt greitt - men det vil ikkje ha nokon konkret betydning. Ap vil truleg i all framtid trenge å samarbeida med partier som ikkje vil dette. Det vanvittige i denne saka er at partiet Høgre og deira politikare går heilt bananas over dette vedtaket. Sjølv om dei har vore i regjering sidan 2013 utan å gjera noko som helst for å starte ei slik konsekvensutgreiing. Å gå til åtak på eit parti for å ikkje ville gjera gjera noko som ein sjølv heller ikkje gjer er heilt bak mål. Dette er «spinn-Høgre» på sitt verste. Dei har like mange tilsette i stortingsgruppa som jobber med spinn, presseutspel og facebookoppdateringer som dei har rådgjevarar som jobber med saker. Høgre har i fylgje nettsida si 14 tilsette på stortinget som jobber med media. I Sp har me to. Det ender opp med eit Høgre som har meir fokus på å oppkonstruera saker - enn å drøfte innhaldet i saker. For oss i Sp er vedtaket til Ap heilt fint. Me har i mange år sagt at me ynskjer å prioritere fiskeri framfor olje i desse områda. Så skal me syte for at oljenæringa har gode og stabile rammevilkår elles. Om Høgre nok ein gong skal gå til val på lovnad om å opna for oljeverksemd i desse områda så må dei gjerne det. Det er bare litt trist og det er ingen grunn til å tru på dei no heller. Oppdatering: Litt lenge sidan eg hadde vore på nettsida. Dei har ikkje 14 som jobber med media og kommunikasjon. Dei har 16. Beklager.

Postet:
2019-04-06 17:27:41