Innlegg:
Me må snakke om powerpoint.
Eg hater powerpoint. Det er det mange grunner til å gjera:
For det fyrste. Eg har ikkje tal på kor mange timar eg til saman har venta på folk som strever med å få desse plansjane frå minnepinnen og til skjermen.
For det andre: Skal eg halde eit føredrag får eg alltid spørsmål om eg har powerpoint. Når svaret er nei - får eg ei kjensle av at dei trur eg ikkje har førebudd meg.
For det tredje: Eg er lei av professorar, direktører og andre som står med ryggen halvvegs til forsamlinga for å få med seg alt som lyser på veggen. Powerpointen drep historien, fortellinga og ordet.
For det fjerde: Det er alltid for mange kurver, søyler og tal på presentasjonen. Det gir alltid mykje meir informasjon enn folk er i stand til å ta inn. Det er fullt mogleg å fortelle om bedrifta di utan å vise et organisasjonskart som syner at HR-avdelinga er underlagt Stab-funksjonen i selskapet.
Så kan du seie at powerpoint brukt på rett måte kan gje presentasjonen ein ekstra dimensjon. Det er heilt rett - men det er lite truleg at du er blant dei 0,1 % det gjeld for.
Mitt råd er: Stol på ordet. Stol på historien din. Stol på kontakten mellom deg og tilhøyraren. Sett opp dei viktigaste punkta og tala på eit A4-ark og del ut. For me vil jo høyre på kva du har å seia. Ikkje sjå kor flinke dei er til å lage presentasjoner i kommunikasjonsavdelinga.
Kjære næringsliv, organisasjoner og foredragsholdere: Skal vi sette oss eit mål om å slutte med dette?
Postet:
2019-04-05 07:15:34