Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
På eit landsmøte i eit politisk parti er det mykje merksemd om leiaren sin tale, dei politiske kampane og folk med sentrale posisjonar i partiet. Det er stort sett dette journalistane skriv om. Det er forståeleg. Det viktigaste med eit landsmøte er likevel det at det er ein politisk verkstad. Der folk frå heile landet kjem og kan ta opp saker som dei er opptekne av. Godt førebudde innlegg om store og små saker. For oss med sentrale tillitsverv er det ein god sjanse til å finne ut kva folk i partiet vil og om me er på rett kurs. I delegasjonen frå Rogaland var det 22 delegater. Dei fleste av dei fekk plass på talerstolen i løpet av møtet. Dette er politikkens heltar. Dei som sikrer demokratiet vårt. Det må vi aldri gløyme. Vilde frå Klepp, Anders frå Hå og Kjetil frå Bjerkreim er tre av desse. Hurra for dei og over 300 delegater.

Postet:
2019-03-25 21:51:44

Delt innhold:
Bilete frå innlegget til Geir Pollestad - Senterpartiet