Innlegg:
Då Siv Jensen og regjeringa satte i gang å utgreie ein ny ekstraskatt for oppdrettsnæringa gjekk Sp tidlig og tydelig mot det.
No vender parti etter parti tommelen ned for ein slik ny skatt. Det er bra. Ein kan ikkje ha ekstra høg skatt på alle distriktsnæringer.
Ja oppdrettsnæringa har tjent gode penger i det siste. Nokon har tjent seg skikkeleg rike, men det kan ikkje vera slik at det kun er i Oslo og Bærum det er rikinger her i landet.
Det viktige må vera å sikre eit mangfald av eigarar i oppdrettsnæringa. I dag er det godt over 100 selskap som driv med oppdrett i Norge. Og lokalsamfunna der det er oppdrett må få sin del av inntekter og arbeidsplasser.
Så må vi også halde fram arbeidet med å betre miljøtilstanden i næringa. Næringa har gjort store framsteg dei siste åra - men er ikkje i mål. Det viktige er at nye krav er kunnskapsbaserte og effektive.
Postet:
2019-03-26 08:55:34
Delt innhold:
Parti etter parti sier nei til grunnrenteskatt på oppdrett: «Lakseskatt»-utvalget fortsetter som før
Motstanden mot «lakseskatten» har bredt om seg på Stortinget. Utvalget som utreder en slik skatt skal imidlertid fortsette arbeidet sitt, sier finansministeren.