Person / Aktør:
Terje Breivik
Terje Breivik
Parti: V

Innlegg:
I går hadde stortingsgruppa til Venstre innspelsmøte til statsbudsjettet 2020 på næringspolitikk. 18 verksemder; gründerar, seriegründerar, veletablerte, teknologiverksemder, restaurant, hotell og daglegvare var tilstades og kom med konkrete, klare innspel. For meg og næringspolitisk talsmann i V, André N. Skjelstad, var det eit svært lærerikt og nyttig møte. »Oppdraget» me fekk var mellom anna å forbetre aksjeopsjonsordninga for nyetablerte verksemder, å gjera det lettare å orientera seg i jungelen av ulike tiltak/rapporteringskrav retta mot næringslivet, å ta større omsyn til innovasjon i offentlege anbod, å utvida skatteincintamenstordninga KapitalFunn, og sikra at folkefinansisering vert eit reelt og slagkraftig alternativ som kapitalkjelde for gründerar. I tillegg var det veldig kjekt at dei fleste understreka at det i regelen er lett å etablera verksemd i Norge, og at det har skjedd mykje positivt dei siste åra for å betra rammevilkåra. Tusen takk til alle som deltok!

Postet:
2019-03-21 13:39:27