Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Ser verkeleg fram til veka som kjem: Måndag er det landbrukskonferanse i Stavanger. 🚜🐄 Tysdag og onsdag skal næringskomiteen til Danmark. 🇩🇰 Torsdag ettermiddag dreg eg til Hamar og landsmøte i Senterpartiet frå fredag til sundag. 🍀 Ei veke med hundrevis av folk å helse på. Like mange å seia takk for sist til. Eg kjem til å få ein haug med innspel om ulike saker og kjem til å lære mykje. 🍀🍀 Å vera stortingsrepresentant for Senterpartiet er topp. 🍀🍀🍀 Men: På fredag kjem dattera heim frå Texas. Då er det kjipt å ikkje vera i velkomstkomiteen på flyplassen. 🇺🇸🇳🇴

Postet:
2019-03-17 21:23:32