Person / Aktør:
Liv Signe Navarsete
Liv Signe Navarsete
Parti: SP

Innlegg:
Kva er det eigentleg forsvarsministeren seier? At Tyskland vil gå til krig mot allierte dersom dei rustar opp forsvaret til to prosent av BNP? Det er i tilfelle ein oppsiktsvekkjande uttale om ein nær alliert, som Noreg samarbeider tett med m a om kjøp av u-båtar. Dette bør ministeren utdjupe. No har Høgre tre vedtak om å trappe opp forsvarsbudsettet mot to prosent av BNP i 2024, slik Erna Solberg forplikta Noreg på i 2014. Men det underlege er at dess fleire gonger Høgre gjer vedtak, dess lenger bort frå to-prosentmålet kjem regjeringa. Og no har dei til og med teke offisielt atterhald, stikk den! Og til slutt: forsvarsministeren hevdar at regjeringa no investerer i stridsvogner. Om investeringa er framskunda, slik forsvarsforliket med AP sa, er det positivt, men Stortignget har ikkje fått melding om anna enn investering frå 2025. Så kva skjer?

Postet:
2019-03-18 16:11:44

Delt innhold:
- Ikke sikkert vi ønsker at Tyskland skal bruke 2 prosent av BNP på forsvar
Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen kaller NATOs prosentmål et bevegelig mål som er uegnet å styre forsvarspolitikken etter.