Innlegg:
Ta barn og ungdom på alvor - gje dei ugyldig fråvær for streik.
Fleire unge har streika for klimaet. No skal fleire vaksne politikarar sikre seg billige politiske poeng med å meine at skuleelevane skal sleppe å få ugyldig fråvær for å delta i klimastreik. Det er å ikkje ta dei unge på alvor.
Når ein streiker så inneber det å ofre noko for å vinne noko som er større. Ein arbeidstaker som streiker - anten det er lønsstreik eller politisk streik - kan ikkje samstundes krevje løn. Det samme prinsippet må gjelde og for barn og unge.
Då eg fyrst engasjerte meg i politisk arbeid - så var det ein kommentar eg hata å få: «Så bra at dykk unge er med». Eg vart ikkje med i politikken for å få skryt for oppmøte. Eg vart med for å meine og påverke.
Om barn og unge vel å ikkje møte til undervisning - så skal dei sjølvsagt få ført fråvær for det. Om ikkje er det ikkje ein streik, men berre ein demonstrasjon. Og det kan ein gjera etter skuletid.
Det er i alle fall mi meining - kva meiner du?
Postet:
2019-03-16 10:27:41