Innlegg:
BT sin kommentator Jens Kihl kritiserer SPs distriktspolitikk og lanserer mangemillionær og høgremann frå Bygdøy som Bygde- Norges redningsmann i dagens BT.
Nikolai Astrup er nemleg utnemnd til Norges fyrste digitaliseringsminister. Kihl ber oss sjå vekk frå at Solberg har laga ei regjering med statsrådspostar for kreti og pleti. Som kjent måtte ein bygge ut stolrekka i stortingssalen for å få plass til 22 statsrådar, som er norsk rekord.
Kihl har rett i at digitalisering er viktig for bygde-Norge. Det kan bidra til verdiskaping ,fleire arbeidsplassar og gode offentlege tenester i distrikta i framtida. Dette er Senterpartiet ein pådrivar for. Vi har lansert den digitale allemannsretten, som grunnlag for nettopp ei slik satsing. Det betyr at det skal vere ein tilbodsstyrt utbygging av fiber til samtlege hus med fastbuande i. Dette i motsetnad til dagens system, som er etterspørselstyrt. Dagens system gjer enorme utgifter for dei som treng det mest.
Poenget Kihl, er at ein ikkje kan snakke om digitalisering utan at infrastrukturen er på plass. Det er eit stort paradoks at ein då fremmer Astrup som bygde- Norges nye redningsmann, han som sit i ei regjering som vernar om denne etterspørselsstyrte og marknadsbaserte utbygginga. Regjeringa har sidan dei kom til makta i 2014, kutta halvparten av bevillingsramma til fiberutbygging i distrikta. Tenk på det! I tillegg kjem kutt i distrikts- og regionalpolitikken med 1,5 mrd.kr.
Regjeringa legg med dette opp til eit digitalt klasseskilje etter kor du bur. Kostnaden med å gje høghastigheits dekning til alle, er berekna til om lag 4,4 mrd.kr. Med regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2019 vil dette ta 44 år. Så, ja. Solberg treng verkeleg ein digitaliseringminister. Men fyrst og fremst treng Norge ein heilt ny fiberpolitikk.
I dagens marknadsstyrte system, er det vesentlege skilnader mellom Bygdøy og Eksingedalen, mellom grisgrendte og tettbygde strok. Rundt 96 prosent av husstandande i tettbygde strok har tilbod om høghastigheitsnett. Tilsvarande tal i spreiddbygde strok er 37 prosent.
Jens Kihl skriv til slutt med kravet om å få pensjonsslippen på papir. Han spør om det ikkje er andre ting å bruke desse pengane på? Vel, det er det sikkert, særleg for ein med utsikt frå Media City Bergen. I følgje Arbeids- og velferdsdirektoratet har mellom 500 000 og 600 000 pensjonistar og uføre reservert seg eller ikkje er registrert som digitale brukarar. Er det rett å umyndiggjere alle desse, og harselere over at også dei vil sjekke lønsslippen sin?
Kva var Solberg-regjeringas svar? Jau, å be alle desse gå på eit NAV- kontor, og få innhaldet i lønsslippen lest opp(!) av ein som arbeider der. Eg ynskjer digitaliseringsministeren lukke til med arbeidet.
Kjersti Toppe
Stortingsrepresentant Senterpartiet
Postet:
2019-03-01 14:33:05
Delt innhold:
Ein mangemillionær og Høgre-mann med adresse på Bygdøy kan bli Bygde-Noregs redningsmann. Om han vil.
Ein mangemillionær og Høgre-mann med adresse på Bygdøy kan bli Bygde-Noregs redningsmann. Om han vil.