Innlegg:
Rødt kritiserer meg i Dagbladet for vårt standpunkt om fosterreduksjon. Eg svarar at Sp - som einaste parti- ikkje har drive politisk spel om ei så viktig verdisak. Vi har meint det same som før. Vi fremma forslag i stortinget og vi har programfesta at vi står bak dagens abortlov, men vil ikkje tillate fosterreduksjon av friske foster. Fosterreduksjon kan redde liv. Men fosterreduksjon av friske foster - som ikkje reddar liv - men utset gjenværande foster for abortrisiko , er noko anna. Ingen fosterreduksjonar kan utførast før etter veke 12 . Altså etter grensa for sjølvbestemt abort. Då er det ikkje urimeleg at det blir behandla som alle andre seinaborter - altså nemnd. Norge er elles det einaste landet i Europa som tillet fosterreduksjon utan medisinsk grunngjevnad. Då vi sat i regjering, var dette ikkje tillat. Fosterreduksjon av friske fostre vart fyrst tillete i 2016 . Det som vert føreslått no, nemdbehandling, er likevel meir liberalt enn det som var praksis under den rødgrønne regjeringa.
Postet:
2019-02-22 16:25:03
Delt innhold:
- Sp overkjører egne velgere i abortsaken
Kjersti Toppe (Sp) svarer at det er bra i det minste ett parti står for noe i verdispørsmål - uten å kaste seg inn i et politisk spill.