Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Starta dagen med debatt om klimatoppene mot Sveinung Rotevatn frå V på politisk kvarter på NRK. Det var heimestudio idag. Alltid litt krevande å gå rett i debattmodus tre minutt etter at klovnen og pandaen er sendt på karneval på skulen. Bakgrunnen for debatten var eit innlegg eg skreiv i Dagbladet. Mitt ynskje er å gjera klimasaka viktigare, meir jordnær og forståeleg. Ein kan seia at eg strekte ut ei hand - men det kom ein knyttneve tilbake. Bilete er skribleria frå førebuinga.

Postet:
2019-02-22 08:15:01