Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Veterinærinstituttet har varsla at dei vil bygge ned verksemda si i Tromsø, Trondheim og Sandnes. Det er ikkje noko dei ynskjer å gjera - men dei gjer det for å svara på manglande finansiering. Vanlegvis så er eg kritisk når det vert skulda på manglande finansiering. Men her er det openbart at det er tilfelle. Dei skal flytta hovudkontoret sitt frå Oslo til Ås. Det har dei ikkje fått pengar til. Alle som har flytta veit at det er dyrt. Då vert svaret som alltid sentralisering. Den ansvarlege for dette er landbruksminister Olaug Bollestad. Bollestad bruker i denne saka to tunger. Ei i Aftenbladet der ho går langt i å love å løyse dette og ei i Nationen der ho langt på veg forsvarer vedtaket. Vedtaket vil gjera det vanskelegare å ha ein god beredskap i Noreg. Det blir dyrare, meir tidkrevjande og vanskelegare å obdusera dyr når det er mistanke om sjukdom. Bollestad framstår i media som om dette kom som eit sjokk på ho. Det vil i så fall vera særs oppsiktsvekkande om ikkje styreleiaren i Veterinærinstituttet har orientert departementet om situasjonen. Det er tidlegare statssekretær for Frp Blåfjelldal som er styreleiar. Om ho ikkje har orientert departementet har definitivt ho og Bollestad noko dei må snakke om. Har ho informert departementet er det Bollestad som må ha ei god forklaring. I dag besøker eg Veterinærinstituttet i Sandnes for å få meir innsikt i saka. Eg har og levert spørsmål om saka til spørretimen på onsdag. Bollestad har innkalla Veterinærinstituttet til møte i dag. Ho har berre eit val. Det er å gje dei beskjed om å oppretthalde tilbodet i Tromsø, Trondheim og Sandnes. Pengane får ho ordne i revidert statsbudsjett. Det er noko som stinker i denne saka. Og det må vera noko anna enn lukta av ei ku som er sendt i posten frå Troms til Ås for å bli obdusert.

Postet:
2019-02-19 06:00:33