Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Eg har hatt eit bra møte med Veterinærinstituttet i Sandnes i dag. Veldig klart for meg at ei nedbygging av avdelinga her vil gå ut over både dyrehelse og beredskap. Jorun Jarp fra Veterinærinstituttet sentralt kom og på møtet. Ho stadfesta til meg at dette ikkje var ei løysing dei ynskte og at departementet var klar over at budsjettet for 2019 ville få konsekvensar. Elles tilstade var tilsette hjå VI, Bondelaget, Veterinærforeninga, Det norske måltid, Search, NMBU, Den stolte hane og fylkesleiar i Sp Vidar Nedrebø. I tillegg til media. Eg er optimist i saka og forventar at Olaug Bollestad gjer det som er naudsynt for å sikra verksemda i Tromsø, Trondheim og Sandnes. Det er relativt sett så små beløp som skal til for å sikre drifta at ein partileiar i ei feirtalsregjering må kunne ta det greitt over bordet. På bilete får eg forklart kva APP er for noko.

Postet:
2019-02-19 15:41:07