Person / Aktør:
Olje- og energidepartementet (Norge)
Olje- og energidepartementet (Norge)

Innlegg:
Ukas kraftverk: Grønsdal (Samnanger kommune) Vasskraftverket Grønsdal ligg i Samnangervassdraget i Hordaland, der eigaren BKK driv fem kraftverk. Bygging av kraftverket tok til i 1942, men på grunn av krigen blei det fullført først i 1948. Sjølve kraftstasjonen er bygd inne i fjellet, medan kontrollbygget ligg ute i dagen. Kvitingsvatnet er inntaksmagasin, og Grønsdal utnyttar eit fall på 165 meter ned til Grønsdalsvatnet. Dei to francisturbinane i kraftverket har ein samla effekt på 35 megawatt (MW), og årsproduksjonen ligg på 144 gigawattimar (GWh). Dette svarar til forbruket til om lag 7200 husstandar.

Postet:
2019-02-08 15:00:01

Delt innhold:
Bilete frå innlegget til Olje- og energidepartementet (Norge)