Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Har utfordra Siv Jensen på kvifor ho og regjeringa arbeider med ein ny statleg ekstraskatt på fiskeri og havbruk. Det er ein ekstraskatt på distriktsnæringer som Senterpartiet seier klart nei til. Her er spørsmålet: Geir Pollestad (Sp) [10:18:33]: Spørsmålet mitt går til finansminister og partileiar i Framstegspartiet, Siv Jensen. Kysten vår bidreg med stor verdiskaping. I 2018 selde Noreg sjømat – som laks, torsk og makrell – til utlandet for rundt 100 mrd. kr. Der Senterpartiet ser livskraftig verdiskaping og arbeidsplassar i distrikta, ser regjeringa og finansministeren moglegheit til å innføra ein ny statleg ekstraskatt. Verdiane som vert skapte av fiskeri og oppdrett, skal takast frå lokalsamfunna for å få meir pengar inn i statskassen. Senterpartiet vil at aktiviteten som skjer i fiskeri og fiskeoppdrett, skal koma lokalsamfunna til gode. Det vil ikkje finansministeren og regjeringa og har difor sett ned eit utval for å greia ut ein statleg ekstraskatt for oppdrett av laks. Vert det innført ein statleg ekstraskatt, vil lokalsamfunna langs kysten mista store delar av inntektene dei i dag har frå oppdrettsnæringa. Regjeringspartia har tidlegare argumentert i Stortinget med at ein sånn statleg ekstraskatt kan gje rom for generelle skattelettar. Oppskrifta er attkjennande: Pengane skal hentast frå distrikta for å finansiera regjeringa sin skattefest på Aker Brygge. Regjeringa sitt arbeid med ein statleg ekstraskatt for oppdrettsnæringa skapar usikkerheit for oppdrettsnæringa i Noreg og usikkerheit for norske arbeidsplassar. Kvifor er statsråden og regjeringa så opptekne av å innføra ein ny statleg ekstraskatt på lakseoppdrett?

Postet:
2019-02-13 10:34:11