Person / Aktør:
Kulturdepartementet

Innlegg:
Seksjon for tru og livssyn søkjer to erfarne juristar. Seksjonen forvaltar mellom anna lovverk på trus- og livssynsområdet, gravferdslova og heilagdagslova. Sakene i seksjonen reiser dessutan frå tid til anna prinsipielle spørsmål om Grunnlova og menneskerettane, særleg spørsmål knytt til religionsfridommen. Søknadsfrist 17. februar 2019 https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/164324/to-juristar-paa-trus-og-livssynsomraadet-seniorraadgjevarar Fagfeltet er frå 22. januar 2019 overført til Barne- og likestillingsdepartementet. I ein interimsperiode er det Kulturdepartementet som tar hand om all rekruttering og personalforvaltning for dei tilsette som arbeider med desse sakene. Vi gjer merksam på at dei som tilsetjast vil få Barne- og likestillingsdepartementet som sin framtidige arbeidsgivar. Illustrasjonsfoto: Ilja C. Hendel

Postet:
2019-02-11 15:18:00