Person / Aktør:
Tellef Inge Mørland - Ap
Tellef Inge Mørland - Ap
Parti: AP

Innlegg:
I går vitja Arbeidarpartiet fengselet på Evje. Fengselet vart opna under den raud-grøne regjeringa, og har gitt viktige distriktsarbeidsplassar, i tillegg til at dei tilsette gjer ein god jobb med dei innsette. No er det brukt fleire titals millionar på å utvide fengselet. Det er flott, men då heng det ikkje på greip når regjeringa ikkje vil løyve nok pengar til å drifte heile det nye fengselet. 1. april ser det difor ut til at ein berre kan opne halve fengselet på Evje! Dette er ikkje god bruk av fellesskapet sine midlar, og heller ikkje det Setesdal forventa seg, då ein vart lova eit større fengsel og fleire arbeidsplassar! Difor tek Arbeidarpartiet opp denne saka med justisministeren i spørjetimen ved fyrste høve!

Postet:
2019-02-05 10:53:45

Delt innhold:
Bilete frå innlegget til Tellef Inge Mørland - Ap