Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Ein ting som irriterer meg i klimadebatten er behovet talspersonar for saka har til å stemple alle som er mot eit tiltak for å vera mot reduserte utslepp av klimagasser. I dagsnytt 18 i går var debatten for eller mot planlegging av ein tredje rullebane på Oslo Lufthavn. Då sa Arne Nævra følgande om dei som ikkje var enig med han og SV (Og Sp og MdG) om å stoppe planlegginga: «Det er ynkelig i forhold til festtalene. Viss de mener noe alvor i forhold til kravet om å få ned klimagassutslippene så er det ynkelig.» Altså er logikken: Er du for ein tredje rullebane så meiner du, etter Nævra sitt syn, ikkje alvor med at du vil ha ned klimagassutsleppa. Det har han ingen grunn til å seia. For det veit han ikkje noko om. Det er liten grunn til å tru at verken Ap, H, Frp, V og KrF meiner alvor når dei seier dei vil ha ned utsleppa. Eg er heilt einig med Nævra i standpunkt/konklusjon. Det er likevel tvilsomt om ein ny rullebane vil påverke utsleppa i særleg grad. Eg er sikker på at kapasiteten på to rullebaner vil ta unna veksten på Oslo Lufthavn tilnærma inn i evigheten. Eg trur ikkje at me i framtida skal ha sjølvkøyrande biler, men flya framleis vil ha same krav til tryggleiksavstand som i dag. Og kapasitet på flyplasser er uansett ein dårleg måte å regulera flytrafikken på. Nå må eg jo seie at argumenta frå Frp var like håplause. Frp-representanten framstilte dette som eit miljøprosjekt. Frp burde tenkt meir på at avgiftene vil auke for at Avinor skal finansiera ein rullebane det ikkje er bruk for. Så min konklusjon: - Nei til tredje rullebane - Ja til at klimatopper må slutte å stemple folk. - Bruk «i forhold til» rett

Postet:
2019-02-02 10:03:53