Innlegg:
Eg la merke til denne saka i Jærbladet. Det er openbart noko feil med dei kommunale parkeringsplassene her. No har nemleg Statens Vegvesen sitt Parkeringstilsyn hatt tilsyn og funnet ut at ikkje alt er som det skal.
Kva som ikkje er i orden er det litt vanskeleg å få tak på. Det virker det heller ikkje som kommunen forstår. Eg trur det er noko med at ikkje alt er registrert som det skal i parkeringsregisteret og at kommunen ikkje har reflektert nok rundt handikapp-plasser.
Då Parkeringstilsynet vart oppretta 1. januar 2017 sa den dåverande samferdselsministeren: «Nå har vi nådd nok en milepæl ved at Statens vegvesen oppretter en ny tilsynsenhet på Lillehammer.» Det må vera ein milepæl i byråkrati han meinte.
For kva er eigentleg så galt med at Time kommune sjølv bestemmer kor dei vil ha parkeringsplass og maler opp kvite streker på gata. Så kan folk parkere bilen sin i dette feltet. Smart! Treng me verkeleg at staten kjem på besøk for å passe på, skrive tilsynsrapport og truge kommunen med tvangsmulkt.
Har nokon av innbyggjarane her nokon gong merka at det var noko feil med parkeringsplassane på Bryne? Eller er eg ein naiv person som ikkje forstår at:
There is something rotten in the municipality of Time!
Postet:
2019-02-01 12:29:23