Innlegg:
Ny regjering. Samme helsepolitikk.
Landet har fått ny fleirtalsregjering. KrF går inn i regjering og bind seg til å danne fleirtal for ei ytterlegare privatisering av det offentlege helsevesenet. Her har H og FRP verkeleg fått gjennomslag. Gratulerer.
For den nye regjeringsplattforma er eit tydeleg manifest for privatisering og markedstilpasning av norsk helsevesen. Langt unna sentrumspolitikken. For meg er det uforståeleg at KrF går i regjering for dette.
I følge regjeringserklæringa skal det bli meir fritt brukarval innan dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Fleire private skal få statleg tilskot for å bygge sjukeheimar og andre omsorgstilbod.Ordninga Fritt behandlingsvalg i spesialisthelsetenesta skal utvidas til å omfatte fleire sjukdomsområde. Har vi ikkje lært av barnevernet?
– Det betyr at offentlige sjukehus svekkast- dei som står for beredskap , utdanning av helsepersonell og som tek seg av dei kompliserte tilfella. Med fritt behandlingsvalg kan ein kvar privat tilbydar som blir godkjent, konkurrere med offentlige sjukehus om pasientbehandling betalt av staten.
Det aukar ikkje bare privatiseringa av norsk helsevesen. Det aukar også sentraliseringa.
KrF støttar og at forsøket med statlig finansiering av eldreomsorga vert utvida. Det har eg aldri høyrt at nokon i KrF har støtta før. Så skal helseføretaksmodellen vidareførast. Slik blir det ingen endring i styringa sjukehuspolitikken. Byråkratstyringa fortset. KrF syt heller ikkje før ein reduksjon i stykkprisfinansiering av sjukehusa, som KrF i fjor fekk fleirtall for i Stortinget, saman med Arbeiderpartiet, Senterpartiet og SV.
Det er overraskande at KrF godtek helseminister Bent Høie sin grunnleggande politikk og ideologi for helsetenesta. Med konkurranse og privatisering, sentralisering og manglande demokratisk styring i staden for samarbeid og prioritering av offentleg velferd .
Fleirtalet i Norge meiner vi har eit todelt helsevesen i dag. Ny regjering med KrF forsterkar ein politikk som bidreg til dette.
Postet:
2019-01-18 20:07:20