Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Flott at Silje-Kristin og Bjørn Ståle Bekkeheien inviterer skulebarn til å sjå korleis livet i grisehuset er. Eg trur at det er positivt at fleire får kunnskap om korleis dyra har det på ein heilt vanleg gard. Då eg var på scenen på konferansen «Mat og landbruk» åtvara eg jordbruksnæringa mot å presentera kunstige glansbilder. Bønder går ikkje rundt og bærer grisene sine på tunet. Om framstillinga av jordbruket vert dominert av reklamebilete på eine sida og skrekkbilder frå dyrevernorganisasjonar på den andre så er det uansett ikkje det bra. Eg trur at dei aller fleste som besøker grisehuset til Silje-Kristin og Bjørn Ståle vil meine at griseproduksjon skjer under gode forhold og at grisene har det bra.

Postet:
2019-01-17 12:42:27