Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
I dag er det Solamøtet 2019. Då møtes næringsliv, politikere og dei som har greie på det (akademia) på Sola for å høyre på innlegg, småprate i pauser og ha lunsj. Eg trur eg har vore på kvart einaste av desse møta sidan 2008. Før var eg alltid litt spent før desse møta: Kven kjem til å seie noko dumt? Kven kjem til å få kjeft? No er eg ikkje spent - i dag kjem det kanskje til å vera ein mikrofon som spraker litt eller ein pause som vert eit minutt forseinka. Ellers kjem det til å vera eit trygt og godt show der ingen får kjeft og ingen dummer seg ut. Eg skal ikkje hevde at alt var betre før. Det var det truleg ikkje - men det kan jo vera at ein har mista noko på vegen. Det som før var ein verkstad for nærings- og Rogalandspolitikk er no blitt ei framføring. Lurer du på kva lyden du høyrer no er? Det er lyden av glas som singler. Eg sit nemleg og kaster digre steiner i eit glashus, som medlem av programnemda for Solamøtet 2019. Og programmet er kjempebra det og foredraga kjem til å vera tipp topp - men mykje av spenninga og sverdslaga er borte. Dei siste åra har me i Rogaland omstilt oss. Og me har i alle fall snakka mykje om det. Eg har likevel ei kjensle av at regionen og næringslivet ikkje har endra seg mykje sidan 2013. Det meste er likt - og ikkje eit gale ord om det. Rogaland er jo trass alt eit lykkeland. Bilete viser Jonas Gahr Støre på Solamøtet 2018. I dag er han tilbake - eit år eldre.

Postet:
2019-01-14 06:30:47