Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Senterpartiet har alltid kortreist underhaldning på sine julebord. Eg har dei siste 10 åra hatt oppgåva med å laga og framføra eit julespel. Det er ei røvarhistorie som bygger på ein syltynn historie og der hendingar frå det siste året vert fletta inn. Pikekoret «skrik og hyl» bidreg med å nynne refrenget på skomakergatesangen mellom hendingane. Karl Kristian Langeland framfører kommentarane til dei som har fått plass i spelet. Så takk til Trygve Slagsvold Vedum, Trine Skei Grande, Henrik Aasheim, Abid Raja, Willfred Nordlund, Siv Mossleth, Marit Arnstad, Olaug Bollestad, Åslaug Sem-Jacobsen, Liv Signe Navarsete, Steinar Ness, Aleksander Heen, Heidi Greni, Geir Iversen, Mazyar Keshvari, Per Sandberg, Knut M Olsen, Ane Kismul, Heikki Holmås, Frps stortingsgruppe, Wenche Westberg Gunnarstorp, Bahareh Letnes og meg sjølv for å ha gjort ting i 2018 som bidrog til innhaldet. Historia i år var lagt til Trygve sin 40 års feiring og kampen for å finna ut kven som hadde gitt han ein El-sykkel i gåve. Det er ei artig oppgåve å ha ansvaret for, men det vert alltid kaos mot slutten. Og vanskelege vurderingar av kva det er lov å tøysa med og ikkje. Stort sett passerer det meste sensuren.

Postet:
2018-12-13 10:04:58