Person / Aktør:
Terje Breivik
Terje Breivik
Parti: V

Innlegg:
I går vart pleiepengeordninga debattert i Stortinget. Å ha eit alvorleg sjukt barn, med usikker framtid og tunge og smertefulle dagar, er det verste ein kan oppleva som forelder. Rett og slett eit mareritt. Ein slik situasjon påverkar heile kvardagen. Ein må ofte gå ned i stillingsprosent eller slutta i jobben, for å kunna vera til stades for barnet sitt. Mange mister mykje søvn på grunn av vakenetter. Når barnet ditt er så sjukt at ein eller begge foreldra ikkje kan jobba fullt, må me ha eit velferdssystem som kompenserer. Derfor er eg så glad for at regjeringa i fjor utvida pleiepengeordninga til óg å gjelda varig sjuke born. På denne måten fekk 9000 fleire familiar ta del i ordninga. Me heva aldersgrensa til 18 år, og det vart lettare for foreldre å ta ut pleiepengar samstundes. I tillegg gjorde vart det gjort ei endring, slik at pleiepengane kunne graderast ned til 20 prosent, alt etter kor mykje dei enkelte foreldra har mogelegheit til å vera i jobb. Familiar er forskjellige, og familiar med alvorleg og varig sjuke born treng ordninger som kan tilpassast deira heilt spesielle behov. Med endringane i innrettinga på pleiengane vart systemet meir fleksibelt og rausare. Det gjer ein forskjell for folk. I fjor vart det óg innført ein tidskonto på 1300 dagar, eller fem år. Den er ikkje heilt absolutt: Om barnet seinare får ein livstruande sjukdom eller skade, kan dei få pleiepengar med 66 prosent lønnskompensasjon utan tidsavgrensing. I tillegg kan foreldre med barn med psykisk utviklingshemming óg få pleiepengar etter at barnet har fylt 18 år. Men det er likevel her engasjementet har vært størst. Mange av oss har vorte kontakta av folk som er redde for at dei på grunn av tidskontoen plutseleg ein dag vil stå på bar bakke, og er nøydde å gå tilbake til jobb, sjølv om barnet er like sjukt. Det er lett å forstå at ei slik uro er ekstra vanskeleg å leva med, i ein kvardag som er så krevjande frå før. Difor er det viktig for meg å understreka at alle pleiepengemottakarane starta på ny tidskonto 1.oktober 2017. Det gjev alle som er i ordninga økonomisk tryggleik fram til 2022. Det er med andre ord ingen som ville ha mista inntekta si neste år, eller året etter. Dei er sikra i minst fem år. Stortinget er samd om at me bør fjerna dagens tidsavgrensing på 1300 dagar for foreldre til alvorleg og varig sjuke born under 18 år, som har eit kontinuerlig pleie- og tilsynsbehov. Men regjeringspartia ynskja at regjeringen skulle koma med lovendringa til våren, ikkje å gjera ei så stor endring over natta i Stortinget. Familiane det gjeld ville fått pengane sine, uansett løysing. Opposisjonen valde likevel det siste. Det viktigaste er uansett at dei som treng det mest, får ei enno betre velferdsordning framover, som gjev ro og tryggleik. Det er eg glad for.

Postet:
2018-12-11 09:35:53