Innlegg:
Hardanger ungdomsråd , altså. På møte med Hordalandsbenken på Stortinget tysdag. Tenk om alle var like førebudd til møter, og like opptatt av dei grunnleggjande tenestene! Her er det berre ein ting som manglar, det er politisk gjennomslag i lovgivande forsamling. Lovfesting av responstider for ambulansane i Hardanger. Ikkje meir. Ikkje mindre. Tusen takk for besøket.
Postet:
2018-12-06 07:07:36
Delt innhold:
Hardanger Ungdomsråd
I går var Hardanger Ungdomsråd på Stortinget. Der møtte dei Hordalandsbenken. Tema var lovbestemt responstid på Ambulanse i heile Norge, og det var Kjersti Toppe som hadde invitert oss. Ho var med på Hardanger Ungdomsting i vår, der dette også var tema.