Innlegg:
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen viser manglande respekt for Kongen og stortinget.
Det er ein fast praksis for at når regjeringa skal leggja fram saker for stortinget så er det Kongen som skal få bli kjent med dei fyrst. Det vil seie at ein ikkje skal presentere innhaldet før saka er gått i statsråd.
I går hadde næringsministeren pressekonferanse om stortingsmeldinga om handelsnæringa sjølv om saka fyrst skal gå i statsråd i dag.
Næringsministeren gjer truleg dette av fleire grunnar:
- Det er lettare å få journalister til å møte opp ein torsdag enn ein fredag ettermiddag.
- Når opposisjonen ikkje har tilgang til meldinga så slepp statsråden å få kritikk. Han kan sjølv velja kva han vil presentera av innhaldet.
- Han kan ta tidlegare helg.
Lekkasjer har det vore til alle tider. Det nye no er at det skjer i full offentlegheit og med statsråden og hans embetsverk tilstades.
Eg meiner det er heilt uakseptabelt. I 2017 hadde den dåverande næringsministeren og full pressekonferanse om industrimeldinga dagen før den skulle leggjast fram for Kongen og stortinget. Eg tok det då opp med stortinget sitt presidentskap - eg vil gjera det same no.
Postet:
2018-11-30 08:38:09