Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP
Innlegg:
Turoperatører og guider gjer avtaler med bestemte butikker om å ta med seg turistgrupper til akkurat deira butikk. I retur får guiden ein del av omsetninga frå butikken.
Tvilsom praksis spør du meg.
Då me var i Bangkok i 2005 vart me aktivt utsette for dette. Ikkje ein taxisjåfør køyrde oss dit me skulle. Då me skulle til skredder vart me til dømes guida til ein skredder som «dei lokale brukte». Historia var ikkje heilt samkøyrd med skreddaren. For han snakka «svorsk» og lurte på om me ville ha «skjorta» eller «byksa».
Sånne sydentilstander vil me ikkje ha i norsk reiseliv. Derfor må det bli slutt på denne praksisen. Me må behandle turistane skikkeleg.
Har du opplevd dette i utlandet eller kjenner til praksisen i Norge?
Postet:
2018-11-27 20:53:44
Delt innhold:
Tar opp reiselivets provisjonspraksis i Stortinget: Vil forby «Syden-metoder»
Senterpartiets Geir Pollestad vil ha slutt på det han omtaler som «Syden-metoder» i norsk reiseliv.