Innlegg:
I dag har landbruksministeren svikta næringa han er statsråd for.
Bård Hoksrud sender i dag på høyring ei sak om avvikling av pelsdyrnæringa og korleis dette skal skje. Eg erkjenner at H, Frp og V står fritt til å meina at næringa skal forbys i Noreg. (om dei står fritt til å gjennomføra det er ei anna sak) Det er politikk - og Sp har eit anna syn. Denne oppdateringa handler ikkje om det. Den handler om statsråden si handsaming av saka.
Det eg reagerer på er at Bård Hoksrud (eller andre frå regjeringssida) hadde «solgt inn» saka i detalj til NRK på førehand, medan næringa som vert råka ikkje ante noko. I går kveld blei eg kontakta av NRK om saka. Eg tok det som sjølvsagt at næringa og landbruket sine organisasjonar var godt orienterte av statsråden. Eg tok kontakt med Pelsdyralslaget for å høyra deira vurdering av det som skulle koma og korleis dei hadde førebudd bøndene som vert råka hardt av dette.
Til mi store overrasking ante korkje Pelsdyralslaget eller Bondelaget noko. Det var berre NRK som var informert. Eg vart rysta av det.
Bård Hoksrud: Din politikk råker fleire hundre mennesker i Noreg hardt. Mange vil tape millionar av kroner og ikkje minst vil dei oppleve at verdien av gården fell kraftig. Den psykiske belastningen er hard for mange. Det minste eg forventer av deg er at du forstår dette og gjer jobben din skikkelig.
Det er ikkje berre media og PR som tel. Dette er levande mennesker og ekte familier. Det minste du kunne gjort var å gje deira organisasjonar beskjed på førehånd. Men du tenkte sikkert at dette får dei høyre på radio.
Du formidlar faktisk ikkje eit bodskap som inneber økonomisk ruin for mange familier via NRK.
Dette var di første ekte statsrådsoppgåve. Og på den strauk du med glans. Det minste du no kan gjera er å gje ei orsaking til desse familiene.
Postet:
2018-11-22 07:16:23