Innlegg:
Eg er enig med dei som hevder at KrF/Høyre sin plan om fjerning/endring av 2c) i abortloven i praksis kan bety at grensen for selvbestemt abort utvides til uke 18. Det ynskjer ikkje eg.
Dette viser og kor galt det kan gå når partier bruker en så alvorlig sak som et jokerkort i et maktspill. Det er utrolig provoserende.
Eg høyrde KrFs nestleiar argumentere for KrFs sitt standpunkt på radio i dag. Det var meir følelser og fromme ynskjer enn juss.
Om endring av paragraf 2, 3. ledd punkt c) skal kompenserast med at kvinna si eiga vurdering skal telle meir så vert nemdene i praksis uten betydning.
For i dagens lovtekst står det: «Det skal legges vesentlig vekt på hvordan kvinnen selv bedømmer sin situasjon.» Kva er meir enn «vesentlig vekt»? I mitt språk er neste knepp «avgjørende vekt».
Det som nå skjer er uverdig og useriøst. Eg blir og provosert over at statsministeren i spørretimen i Stortinget ikkje vil svare på dei konkrete endringane, men syner til at dei kan me diskutere når forhandlingane er ferdig. Eit sentralt punkt i eit demokrati, er etter mitt syn, at me diskuterer sakene før dei er avgjort.
Eg hadde ikkje tenkt å seie noko offentleg om denne saka - men etter å ha høyrt nestleiaren i KrF i dag på politisk kvarter så gjekk ikkje det.
Postet:
2018-11-23 08:24:05