Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
I dag er det krav om at eit aksjeselskap sin forretningskommune skal vera vedtaktsfesta. Det vil seie at ein treng 2/3 fleirtal for å endre det. Regjeringa har levert sak til stortinget der dei vil ta vekk kravet om å ha selskapet sin forretningskommune i vedtektene. Eg er redd dette kan gjera det enklare å snik-oslofisera til dømes Equinor. Senterpartiet vil difor framleis at aksjeselskap og allmennaksjeselskap skal ha forretningskommune i vedtektene. Det er rart at ingen i Rogalandsmedia eller lokale næringsorganisasjoner har reagert mot dette framlegget. Nei til snik-oslofisering av Equinor! (tidlegare Statoil)

Postet:
2018-11-20 18:29:15