Innlegg:
I dag fyller fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa 70 år.
Magnhild sat på stortinget for Sp frå 1993 til 2013. Ho har vore sosialminister, kommunalminister og samferdselsminister.
Eg har lært mykje av Magnhild. Særleg har eg lært av Magnhild at alle fortener å bli høyrde på.
Eg har og trua på «gjønågong» som politisk metode. Det er din spesialøvelse. Det vil jo berre seia å sjå grundig på ei sak og vurdera om det er naudsynt å endra noko. Lurt.
Gratulera så mykje med dagen Magnhild!
Bilete er frå våren 2013 då eg var innom kontoret ditt på stortinget for å få nokre tips til valkampen.
Postet:
2018-11-12 15:34:00