Person / Aktør:
Terje Breivik
Terje Breivik
Parti: V

Innlegg:
I dag heiar eg på dei gul - blåe Venstre er Norges einaste sosialliberale parti. Me tuftar all politikk på sentrale verdiar som toleranse, mangfald, internasjonal solidaritet, framtidsoptimisme, fellesskap og fridom. Skal fridomen vera reell for alle, må ein og vera fri frå fattigdom, nød og ulikskap. Den sosiale dimensjonen som forklarar kvifor Venstre alltid vil kjempa for tidleg innsats, ein sterk offentleg skule og kamp mot barnefattigdom. Komande generasjonar må og ha same fridom til å nyta og nytta ressursane slik me har glede av. Venstre vil difor alltid prioritera kamp mot klimaendringar og forringing av naturmangfald høgt. Sosialliberalismen legg til grunn eit menneskesyn som som tilseier at dei du viser tillit veks og tek ansvar. Som igjen forklarar kvifor Venstre alltid vil ha som mål å flytta mest mogeleg makt, oppgåver og ressursar så nært borgarane som råd er. Me vil ha sterke fellesskap der folk bur, lever og arbeidar, i motsetnad til venstresida der fellesskap i regelen er synonymt med ein sterk, sentralstyrt, altomfattande stat. Venstre vil difor alltid vera eit parti som står opp for lokaldemokrati, maktspreiing, arbeidsplassar og kulturtilbod, enten det er i bygd eller by. Fellesskap er ikkje eit sosialdemokratisk eller sosialistisk ord, men eit varmt og flott ord. Til forskjell frå venstresida er heller ikkje likskap, men likeverd, hovuddrivkrafta for Venstre. Behandlar du alle likt, behandlar du i realiteten alle ulikt, fordi me har ulike behov. Eit varmt samfunn ser enkeltmennesket, og set enkeltmennesket, ikkje systemet i sentrum. Med dette som bakgrunn, er eg svært glad for at Venstre er ein del av eit samarbeid på borgarleg, ikkje sosialistisk side, der verdiane og politikken Venstre legg til grunn får stort gjennomslag. I dag her me ei regjeringsplattform og ein statsminister som ikkje berre prioriterar klimapolitikk høgt, men som og legg har ei rekordsatsing på bistand og tiltak for å løfta fleire ut av fattigdom og nød. Me har og ei regjering som legg stor tyngde og kraft, og verkemidlar, i ulike internasjonale fora for å bidra til verda løftar i lag. Hareide brukar Sp som hovudalibi for å få Krf til kasta Erna Solberg og skifta regjering. I denne samanhengen er det veldig leit og uforståeleg. Ser ein på kva Sp har prioritert, sagt og røysta dei siste fem åra, er det diverre lite, eller ingenting som tilseier at dei vert ei kraft for klimasatsing og internasjonal solidaritet, heller tvert i mot. Difor heiar eg på dei blå – gule i dag. Venstre og Krf saman har vist gjennom fem år at me får til store ting saman som samarbeidsparti. Kva kan me ikkje då få til saman som regjeringsparti i ei fleritalsregjering?

Postet:
2018-11-02 12:27:16