Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Innlegg i Stortinget om villsvin: Villsvin er eit problem som me skal ta på aller største alvor, og me må handla no. Det nyttar ikkje å venta, det må setjast i verk tiltak, for me skal ikkje ha villsvin i Noreg. Eg meiner me treng ein utryddingsplan for villsvin, og at me skal bruka alle tilgjengelege verkemiddel for å nedkjempa villsvin i Noreg. På eit seminar som vart arrangert i regi av Hedmark Bondelag, vart det sagt at på svensk side har dei ein kostnad på 1,6 mrd. kr med å ha villsvin. Det er anslått at i Noreg er det rundt 1 000 villsvin i dag. Men dette kan fort veksa til titusenvis, og set ein ikkje i verk tiltak, kan me koma opp i hundretusenvis av villsvin, med dei konsekvensane det har for moglegheita til å driva jordbruk i Noreg, og dei problema som følgjer for dyrehelsa. God dyrehelse har vore eit konkurransefortrinn for norsk landbruk. Det skal det framleis vera. Eg meiner at alle avgrensingar av jakta bør opphevast. Eg meiner det må vera lov å bruka hund i jakta, det må vera lov å bruka lys i jakta, og ein må vurdera ytterlegare tiltak for å nedkjempa villsvin. Det er ikkje akseptabelt at det vert forvalta, det er ikkje akseptabelt at desse dyra vert fôra. Det må ein slå klart fast, slik at ein har ei retning å gå etter. I verste fall kan dette vera ei av dei største økonomiske utfordringane norsk jordbruk får, og når me ser på dei verkemidla som dei set i verk i Danmark, ser me den ekstreme faren som ligg i at villsvin etablerer seg i Noreg. Det er på svært få område det er meir aktuelt å seia at her må me for all del unngå svenske tilstandar. Villsvin høyrer ikkje til i norsk natur. Villsvin må utryddast i norsk natur med dei tilgjengelege verkemidla me har, og det forventar eg at regjeringa følgjer opp.

Postet:
2018-10-29 11:00:20