Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Eg ser at regjeringa vil ha eit eige eldreombod i Noreg. Lat oss håpe at det blir ein større suksess en ordninga med å ha ein eigen eldreminister. (For du veit vel at vi har det?) Det kan godt vera at det er ein god ide med eit eldreombod. Eg er likevel skeptisk til alle desse omboda. Ein av oppgåvene til politikarane er å vera ombodsmenn/kvinner. Når ein etablerer nye ombod så gjer ein ombodsoppgåva statleg og byråkratisk. Når du som politikar skal legge fram politiske forslag og berre har ni punkt til tipunktslista er eit nytt ombod ein god ting å ha. Skulle me teke ein diskusjon om me til dømes kan halvere kor mykje penger me nytter på «ombod» i Norge? Eller skal me la bransjen halde fram med å veksa heilt til me treng har så mange ombod at me treng eit eige ombod for å ta vare på dei andre omboda. «Ombodsombod»

Postet:
2018-10-19 09:19:29