Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Eit enkelt spørsmål for dei fleste, men ikkje for regjeringa. Erna Solberg sa i spørretimen at dei 700 norske sjøfolka på Color Line sine skip, som ho vil bytte ut med utanlandsk arbeidskraft, ikkje er sjøfolk. Eg er sterkt mot å dele folk inn i kor viktige dei er. Ei viktig side ved det norske samfunnet er at me alle er like viktige. Eg meiner at folk som jobber på sjøen er sjøfolk anten dei styrer skipet, sørger for mat til passasjerene eller tar seg av motoren. På same måte som alle som jobber på ein plattform er oljearbeidere enten dei styrer boreprosessane eller på anna måte held hjula i gang ombord. Eg meiner og at den som vinn ut kol i gruvene på Svalbard er like viktig som den som sit i eit varmt lokale i Oslo og kjøper og sel kol i markedet. Saka om Color Line handler på mange måter om korleis me skal sjå på kvarandre i Noreg. Eg voner difor at næringsministeren tek avstand frå statsministeren sitt syn på dei 700 sjøfolka i Color Line som ho meiner ikkje er sjøfolk.

Postet:
2018-10-13 09:37:29

Delt innhold:
Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til næringsministeren
Kva er regjeringa si definisjon av sjøfolk?