Innlegg:
Ver raus – ikkje taus.
Gje dei du møter ein litt betre dag.
I staden for å snu ryggen til naboen som aldri helsar og aldri vaskar trappa – ver raus – og hels og sei hei.
I staden for å riste på hovudet over ideen til kollegaen som sjeldan seier noko – ver raus – og nikk og sei at den er interessant.
I staden for å like den stygge Facebook-kommentaren på biletet til jenta i klassa – ver raus – og gje henne ein tommel opp.
I staden for å vere misfornøgd med nasen din – ver raus – og sjå kor vakre auga dine er.
#verdensdagen #værraus Verdensdagen for psykisk helse
Emneknagger:
Postet:
2018-10-10 13:05:24