Person / Aktør:
Jenny Klinge
Jenny Klinge
Parti: AP

Innlegg:
På årets siste dag er det tid for(litt lang) refleksjon. 😌\n\nÅret som har gått har vore eit krevjande år for mange folk i Noreg. \nDiskusjonen vi har hatt har til tider vore veldig motstridande og konfliktfylt. \nOrda og tonane i diskusjonen har hardna til. \n\nNo går vi inn i ei framtid der det vil bli endringar i folks levevanar og forbruk. \nVi må jobbe hardt for at velferdsstaten vår skal bestå slik at våre barn og barnebarn skal ha moglegheiter for velferdstenester som vi har i dag. I form av gratis skule, gratis utdanning, gratis helsetenester, tryggingsnettverk gjennom NAV, foreldrepermisjon osv. \n\nVi føder færre barn og vi blir eldre. Vi manglar enormt med arbeidskraft i alle sektorar. Korleis løysar vi det? 🤔\n\nVi skal gjennom ein enorm klimaomstilling. Nokon trur ikkje heilt på menneskeskapte klimautslepp, til tross for at havet blir surare, varmare, og ekstremvêr kjem oftare. 🌊🌧️\n\n90% av verdas befolkning pustar inn forureina luft, noko som fører til at millionar av menneske over heile kloden har store helseutfordringar. \nIfølgje Verdas helseorganisasjon døyr sju millionar menneske over heile verda som følgje av luftforureining.\n\nOm du trur på menneskeskapte klimautslepp eller ikkje, så er det her framtidens arbeidsplassar er. Noreg, med sin kompetanse frå oljenæringa har moglegheiter til å bli best. Ungdommene våre er klare, er vi?\n\nI verda ser vi grufulle bilete. Nye angrep i Ukraina, nye uskyldige ofre. Verda har for mange blitt ein vond stad der folkeretten er under press. \nEg aksepterer ingen unnskyldning frå Russland, Israel, Hamas eller nokon andre land i konflikt og krig, der uskuldige barn og menneske blir offer for grufulle handlingar dei på ingen måte er ein del av, eller kan beskytte seg mot. \nDet vil aldri aksepterast! \n\nArbeidarpartiet og regjeringa er tydeleg på at Norege skal vere aktiv for å få stopp i krigshandlingane. \n\nEg har ingen nyttårsforsett, men eg vil halde fram med å jobbe saman med mine kollegaer på Stortinget med kortsiktige, men mest av alt langsiktige løysingar som skal vere til det beste for folk i Noreg, slik at vi kan vere eit land med moglegheiter, utvikling og eit sosialt rettferdig samfunn for våre framtidige generasjonar.\n\nJo, forresten, eg har eit nyttårsforsett, eg vil endå meir ut og snakke med folk. Om du vil invitere meg til din arbeidsplass, gjerne til lunsj. Då tar eg med notatblokka og er klar for å lære meir.\n\nMed dette ynskjer alle et godt nyttår, og ser fram til samarbeid i året som kjem.

Postet:
2023-12-31 10:55:03