Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Takk for no 2023. Me ser kvarandre aldri meir igjen - men eg kjem til å tenke på deg. Både med skrekk og glede. \n\nSjølvsagt vil personlege opplevinger med familien stå sentralt i minneboka: fotballturer til Manchester, påskeferie i London, sommerferie i Orlando, Osloturer, hyttesalg på Bersagel og eit år med katten Lars. Ein god sesong for Bryne FK kan og førast på konto. \n\nDen internasjonale situasjonen med Russlands pågående angrepskrig mot Ukraina og en grusom krig i Midtøsten er en del av 2023. Det same er rentestigning, prisvekst og høge energipriser. \n\nDenne oppsummeringa av året er laga med speil og om det politiske virket. Det må vel seiast at året for min del har vore innhaldsrikt, utfordrande og kjekt. \n\nMed det bakteppe me har og historiske erfaringer frå tidlegare krevjande økonomiske tider så har me som land førebels kome høveleg godt ut av det. Det er høg aktivitet i norsk næringsliv og talet på folk som har ein jobb å gå til er rekordhøgt. Så er det diverre slik at mange opplever trangere økonomiske tider. I stort er det likevel slik at det nok er vanskeleg å finne mange døme på at folk i noko land og nokon gong i historia har hatt større velstand enn det me i Norge har hatt i 2023. Det kan me ta med oss og det er ikkje eit partipolitisk utsagn. \n\nÅret 2023 har gitt mange spanande oppgåver. \n\nFor det fyrste fekk eg frå slutten av januar 2023 oppgåva med å vera leiar for Stortinget sin finanskomite i nokre månader medan den faste leiaren Eigil Knutsen hadde fedrepermisjon. \n\nEin sentral oppgåve her var å vera saksordførar og skaffe fleirtal i Stortinget for ei løysing med grunnrenteskatt på havbruk. Me reiste, møtte folk og diskuterte. Til slutt landa me eit politisk fleirtal for eit noko endra opplegg saman med Venstre og Pasientfokus. Me kunne fått med Høgre, men då måtte me ha flytta ein større del av skattebyrda frå dei aller største selskapa og over på dei små og mellomstore. For oss som er opptekne av lokalt eigarskap og mangfald i oppdrettsnæringa var ikkje det aktuelt. Skatten kjem ikkje til å bli endra om det ei gong kjem eit nytt fleirtal. \n\nForhandlingane om revidert budsjett 2023 i mai og juni gjekk stille og roleg for seg. \n\nI slutten av juli fekk eg ein telefon med spørsmål om eg ville bli statsråd. 4. august vart et utnemd i Statsråd. \n\nKommune- og fylkestingsvalet 11. september enda på 8,2 % (kommune) og 8,6 % (fylke) Ikkje så godt som håpa, men betre enn frykta. Og samanlikna med andre val sidan år 2000 så var det mellom dei beste. \n\nUnder den høgtidelege opninga av det 168. Storting den 3. oktober hadde eg oppgåva med å lesa opp «melding frå Kongen til Stortinget om Noregs rikes tilstand og styring i tida etter siste melding». Det må seiast å vera høgtlesinga si ekstremsportgrein. \n\nEg kjem aldri til å gløyme tala til Ukrainia sin president Zelenskyj i Stortinget. Sterke ord for ein leiar som ikkje berre kjemper for sitt land og sitt folk, men for vår alle sin fridom. Det kan ikkje godtas at Russland vinn fram med sin urettmessige og brutale krig. \n\nArbeidet med landbrukspolitikken er godt i gang. Eg vil trekke fram fylgjande: \n\n- Handtering av tørka og flaumen Hans. \n- Styrka tollvern. \n- Etablering av beredskapslager av matkorn. \n- Endra tallgrunnlag for jordbruksforhandlingane og arbeidet med inntektsopptrapping og auka sjølvforsyning. \n- Gjort det eg trur er mogleg for å halde oppe tempoet i arbeidet med å betale ut erstatning til pelsdyrbøndene og rydde opp etter Solberg-regjeringa. \n\nI 2023 har eg møtt mykje trivelege folk. Det er berre å seia at det ute i verkelegheita er mykje meir trivelege folk enn det er i kommentarfelta og på sosiale media. \n\nDet aller beste med å bli statsråd er at det er blitt mindre tid til trykking på telefonen. Det gir betre tid, betre humør og auka livskvalitet. \n\nNo er det for seint å endra noko på 2023. Det er berre å retta blikket mot 2024. \n\nTakk for 2023 og godt nytt år til alle saman!

Postet:
2023-12-31 10:50:17